Eldsjelprisen til Kristin Indresøvde

17.08.22 fekk Kristin Indresøvde velfortent heder som årets ildsjel med Norges Volleyballforbund🎉 Sååååå fortent! 😃👏Gratulerer!

I nominasjonen som var sendt inn stod det mellom anna; «Kristin har hatt fleire verv i klubben gjennom mange år. No er ho leiar for Kfum Volda volleyball. Kristin er positiv, løysingsorientert og har lagt ein formidabel innsats for klubben over tid. Som trenar møter eg eit ja-menneske som støttar opp under initiativ frå laga. Ho høyrer på innspel frå medlemmane og er svært oppteken av det sosiale aspektet ved det å vere ein breiddeklubb! Kristin sjonglerer mange ballar i lufta og styrer dugnadsskuta med stø hand. Kfum Volda Volleyball har ingen tilsette og det gjer leiarvervet til ei omfangsrik oppgåve som Kristin løyser med glans!»

Foto: Erlend Krumsvik