Full fart på Årneset – OBS påmeldingsfrist 1. juli

Denne dagen bør du vere i Volda, nærmare bestemt på Årneset!
KFUM Volda Volleyball, Friluftsforeninga Volda og VTI Diskgolf har gått saman om å markere «Vår dag», som er ein del av frivilligåret 2022.
Kommunen og ordføraren er også med, og her er det som skjer:

🏐Sandvolleyballturnering for aldersgruppa 13-19 år (2004-2008).
7. august er sandvolleyballens dag i heile landet, og vi feirar 1-årsdagen for Noregs første OL-gull i sandvolleyball.
Få med ein ven og meld deg på her – OBS innan1. juli: https://www.profixio.com/…/full-fart-pa-arneset…

🥏Introduksjon til diskgolf.
I regi av diskgolfklubben kan du få opplæring i enkle reglar, og instruksjon og øving på teknikk. Klubben stiller med diskar til utlån og set opp ei midlertidig nybegynnarvennleg bane i nærområdet. Det blir også ei lita oppvisning der konkurranseutøvarar viser både lengdekast og nokre tekniske ferdigheter. Det blir også høve for alle som har lyst til å vere med på ein puttekonkurranse, som handlar om å treffe korga frå litt ulike avstandar.
Vil du vere med på diskgolf, møter du berre på Årneset klokka 12.

🚶‍♀️Ordføraren sin tur med natursti og historier om Elvadalen.
Tur for store og små, frå sentrum til Årneset, med Friluftsforeninga Volda i samarbeid med Volda kommune.
Turen startar kl. 12 frå parkeringsplassen bak Halkjelsvik bil. Møt opp litt før.

🌭Grilling av pølser på Årneset. Gratis pølser, drikke og frukt så langt det rekk, til dei som er med på ein av aktivitetane!