Serieopning i Mizunoligaen for KFUM Volda

KFUM Volda er i helga klare for serieopning i eliteserien i volleyball. Dette er fjerde året i toppserien, etter at laget tok ein 4. plass i fjorårssesongen. Laget har halde seg i øvre sjikt av tabellen gjennom alle dei fire åra i eliteserien.

KFUM Volda er godt budde for sesongen. Laget har trent godt, og har styrka stallen med nokre nye spelarar denne sesongen. Tidlegare VoldaspelarMarie Brænde, som har hatt ein sesong i Oslo Volley, er tilbake på KFUM Volda, noko også Siri Stranden er. Viktige Rali Emilova frå Bulgaria har valt å ta ein ny sesong i Volda. Edna Todorova debuterte på elitelaget i februar og er ein sentral spelar på det unge laget. Laget er i tillegg forsterka med to lovande juniorar frå eigen klubb, Birte Krumsvik og Mathilde Nupen Aarflot, i tillegg til Blindheim-spelar Cathrine Eikenes Hjeltnes. Laget har mist fleire av spelarane som var med i eliteserien i fjor. Dette gjeld Pernille Granlund, Vilde Sofie Haveland Sleire, Runa Redse Arset, Ingrid Gladsøy Hellum og Michelle Ann Janbu.

På søndag er det kamp mot BK Tromsø. Dette laget var eitt av dei laga som har hevda seg i toppen av Mizuno-ligaen dei siste sesongane. Fleire av spelarane har vore innom landslaget. Men laget har denne sesongen hatt stor utskifting i stallen og fleire profilar har flytta frå Tromsø, det gjeld mellom anna tidlegare tysklandsproff Ragni Steen Knudsen. Også tidlegare Volda-spelar Sara Marie Krumsvik har gitt seg denne sesongen. Stallen i BK Tromsø består no av mange yngre  spelarar, men spelarar som har markert seg på landslagsnivå, mellom anna Aurora Håkstad. Ny spelar på laget er Canadiske Danielle Groenendijk Westwood som er BK Tromsø sin nye kantspelar.  

KFUM Volda spelte finalen i eliteturneringa i Volda sist helg mot Førde, der Førde gjekk av med sigeren. Dei andre laga KFUM Volda møtte den helga var TIF Viking, NTNUI og Toppvolley Norge. KFUM Volda fekk prøvd seg mot mange av dei lag ein ventar å kjempe mot i denne sesongen, og dette var ei viktig oppkøyring fram mot seriestart.  

Trenar Vlado Todorov er nøgd med utbyttet frå sesongoppkøyringa etter viktige utprøvingar i eliteturneringa. Det er mange lag som denne sesongen har nye spelarar og det vert spennande å møte BK Tromsø i serieopninga på heimebane i Volda Campus Sparebank 1 Arena.

Dette er KFUM Volda sin elitestall den komande sesongen:

Namn: Ingrid Indresøvde Bernås
Alder: 18
Heimstad: Volda
Yrke/Studie: Elev på Volda Vidaregåande Skule
Tidlegare klubbar: Ingen
Draktnummer: 3
Posisjon: Oppleggar

Namn: Nora Jenny Øvereng

Alder: 18

Heimstad: Volda

Yrke/Studie: Elev på Volda Vidaregåande Skule

Tidlegare klubbar: Ingen

Draktnummer: 6

Posisjon: Midt

Namn: Hedda Jonette Øvereng

Alder: 18

Heimstad: Volda

Yrke/Studie: Elev på Volda Vidaregåande Skule

Tidlegare klubbar: Ingen

Draktnummer: 7

Posisjon: Midt

Namn: Ralitsa Georgieva

Alder: 21

Heimstad: Sofia, Bulgaria

Yrke/Studie: Student

Tidlegare klubbar: Maritza Plovdiv

Draktnummer: 16

Posisjon: Kant, Diagonal

Namn: Maria Iossifova Todorova

Alder: Evig ung

Heimstad: Sofia, Bulgaria

Yrke/Studie: Kroppsøvingslærar

Tidlegare klubbar: Mange – i Romania, Kypros, Spania, Tyrkia, Slovenia og Bulgaria

Draktnummer: 18

Posisjon: Kant

Namn: Edna Todorova
Alder: 13
Heimstad: Volda
Yrke/Studie: Volda ungdomsskule
Tidlegare klubbar: Ingen
Draktnummer: 9
Posisjon: Kant

Namn: Marie Brænde
Alder: 21
Heimstad: Volda
Yrke/Studie: Student
Tidlegare klubbar: Oslo Volley
Draktnummer: 17
Posisjon: Kant

Namn: Siri Stranden

Alder: 25

Heimstad: Volda

Yrke/Studie: Student

Tidlegare klubbar: Ingen

Draktnummer: 12

Posisjon: Libero

Namn: Anna Maria Maalø Aarseth

Alder: 20

Heimstad: Volda

Yrke/Studie: Student

Tidlegare klubbar: KFUM Volda og Club Voleibol Altea i Spania

Draktnummer: 8

Posisjon: Diagonal

Namn: Ingrid Simonsen

Alder: 15

Heimstad: Volda

Yrke/Studie: Elev på Volda Ungdomsskule

Tidlegare klubbar: Ingen

Draktnummer: 10

Posisjon: Diagonal

Namn: Birte Krumsvik
Alder: 15
Heimstad: Volda
Yrke/Studie: Elev på Volda Ungdomsskule
Tidlegare klubbar: Ingen
Draktnummer: 14
Posisjon: Kant/diagonal

Namn: Mathilde Nupen Aarflot
Alder: 15
Heimstad: Volda
Yrke/Studie: Elev på Volda Ungdomsskule
Tidlegare klubbar: Ingen
Draktnummer: 1
Posisjon: Libero

Namn: Cathrine Eikenes Hjeltnes
Alder: 15
Heimstad: Ålesund
Yrke/Studie: Elev på Kollvikbakken Ungdomsskule
Tidlegare klubbar: Blindheim IL
Draktnummer: 4
Posisjon: Kant/diagonal

Hovudtrenar: Vlado Todorov

Ass. trenar: Rune Bernås

Foto: Erlend Krumsvik