Serieturnering i Volda 12-13. november 2022

Aktivitet er det kjekkaste vi veit! Helga 12-13. november er det vår tur til å arrangere serieturnering. Laurdag 12.11 inviterer vi U17, U13 og mini til turnering. Søndag 13.11 er det U15-turnering. I U13-klassa tilbyr vi 6-er på kort bane og vi håper mange prøvar seg i den klassa!

Sjå meir informasjon om det praktiske opplegget på arrangementa i Profixio. Har du spørsmål kan desse rettast til turneringsleiar Camilla Elin Dahl Humberset.

Foto: Erlend Krumsvik