Innmelding
KFUM Volda Volleyball brukar Idrettsforbundet sitt medlemssystem som heiter Klubbadmin. All administrasjon av medlemmar skjer på nettsida deira.
For innmelding i klubben går du til Minidrett.no
Har du vore medlem i eit idrettslag tidlegare, er det stor sjanse for at du allereie er registert på minidrett.no
Er du ikkje registrert på Minidrett.no tidlegare, lagar du ny brukar.
Framgangsmåte:
- Du loggar inn på sida,
- klikkar på «Medlemsskap»,
- klikkar på «Finn ny klubb»,
- søker opp KFUM Volda Volleyball,
- klikkar på klubben når søkeresultatet kjem opp under søkefeltet.
- Til høgre i bildet kjem KFUM Volda Volleyball opp med både volleyball og sandvolleyball.
- Merk av i begge rutene og klikk på «Send søknad».
Du er no registrert som medlem i klubben.
Brukarveiledning og meir informasjon om Minidrett.no finn du her