Kiosken vår i VCA er viden kjent for heimebakst, sunne alternativ og noko for ein kvar smak. Og når du kjem til Sunnmøre byr me sjølvsagt også på sveler! Svele med smørkrem eller svele med brunost? Finn din favoritt i løpet av helga!
Under arrangementet er det KFUM Volda som er ansvarleg for kioskane i begge hallane. Vi vil så langt som råd strekke oss for likt utval.
Glutenfrie alternativ vil også vere å finne i begge kioskane.
Laurdag 14. mars kan ein forhandsbestille middag i Berte Kanutte-huset. Berte Kanutte-huset er del av Høgskulen i Volda, vis a vis VCA og mediabygget.
Det vert servert kyllinggryte med potetmos og sjølvsagt blir det Brænne-saft.
Det er Samskipnaden i Volda som lagar maten og vi kan love gode smakar og rause porsjonar.
Berte Kanutte-huset. Volda Campus Sparebank 1 Arena kan skimtast i bakgrunnen.
Berte Kanutte-huset. Foto: Høgskulen i Volda
Sivert Aarflot-huset (mediabygget) og Volda Campus Sparebank 1 Arena. Foto: Per Arne Brandal