Full fart på Årneset – OBS påmeldingsfrist 1. juli
Denne dagen bør du vere i Volda, nærmare bestemt på Årneset!
KFUM Volda Volleyball, Friluftsforeninga Volda og VTI Diskgolf har gått saman om å markere «Vår dag», som er ein del av frivilligåret 2022.
Kommunen og ordføraren er også med, og her er det som skjer:
Sandvolleyballturnering for aldersgruppa 13-19 år (2004-2008).
7. august er sandvolleyballens dag i heile landet, og vi feirar 1-årsdagen for Noregs første OL-gull i sandvolleyball.
Få med ein ven og meld deg på her – OBS innan1. juli: https://www.profixio.com/…/full-fart-pa-arneset…
Introduksjon til diskgolf.
I regi av diskgolfklubben kan du få opplæring i enkle reglar, og instruksjon og øving på teknikk. Klubben stiller med diskar til utlån og set opp ei midlertidig nybegynnarvennleg bane i nærområdet. Det blir også ei lita oppvisning der konkurranseutøvarar viser både lengdekast og nokre tekniske ferdigheter. Det blir også høve for alle som har lyst til å vere med på ein puttekonkurranse, som handlar om å treffe korga frå litt ulike avstandar.
Vil du vere med på diskgolf, møter du berre på Årneset klokka 12.
Ordføraren sin tur med natursti og historier om Elvadalen.
Tur for store og små, frå sentrum til Årneset, med Friluftsforeninga Volda i samarbeid med Volda kommune.
Turen startar kl. 12 frå parkeringsplassen bak Halkjelsvik bil. Møt opp litt før.
Grilling av pølser på Årneset. Gratis pølser, drikke og frukt så langt det rekk, til dei som er med på ein av aktivitetane!
