Arena

Volda Campus Sparebank 1 Arena og Ørstahallen

Dei to nye, flotte, anlegga ligg berre omlag 12 minutter køyring frå kvarandre i Volda og Ørsta.

Volda Campus Sparebank 1 Arena

Volda Campus SpareBank1 Arena (VCA) var ny i 2020 og er lokalisert langs E39, ca 7 min gange frå Volda sentrum.

Arenaen har mellom anna 2 handballflater og 2 aktivitetssalar. VCA har 14 garderober (i tillegg kjem mindre dommargarerober og HEN-garderober). 

Arenaen har 12 m takhøgde og er tilrettelagt for streaming vi MyGame-kamera.

I VCA er det mogleg å nytte inntil 6 baner samtidig, 4 baner med ei tribune køyrd ut, og 2 baner med begge tribuner køyrd ut.

Ørstahallen

Ørstahallen var ny i 2019 og er lokalisert midt i Ørsta sentrum. Hallen har 3 handballbaner og 10 garderober (i tillegg kjem mindre garderobar til dommarar og andre som treng det).

Ørstahallen har klasserom som ein kan overnatte i, samt gode tribunefasilitetetar. 

Hallen har 9m fri takhøgde.

Hallen har både faste tribunar og ei mobil tribune som kan tilpassast banene som blir etablert.