Informasjon til lagleiarar og trenarar

Det vert kampsekretariat i både Volda Campus Sparebank 1 Arena og Ørstahallen som kan bistå med svar på spørsmål og anna under turneringa. 

Påmelding, bestillingar og betaling

Påmelding, betaling og registrering av lag gjennom Profixio (ikkje klart enda).

Andre bestillingar, til dømes transport, frå arrangøren KFUM Volda Volleyball vert gjort via skjema på denne nettsida. For slike bestillingar vert det sendt ut samla faktura frå KFUM Volda Volleyball 4 veker før turneringa, med betalingsfrist på 2 veker.

Betaling må vere registrert hos KFUM Volda Volleyball seinast 2 veker før turneringa for at bestillingar er å rekne som akseptert og for at laget skal kunne delta på turneringa. 

Lenkje til påmelding kjem når det vert opna for påmelding.

Turneringssekretariat

Det er turneringssekretariat i begge hallene. 

I Volda Campus SpareBank 1 Arena finn du sekretariatet i resepsjonen, ved inngangen til hallen.

I Ørstahallen finn du sekretariatet midt på tribuna i 2. etasje i hallen. 

Opningsseremoni

Informasjon til spelarane ved oppmøte
Når de kjem inn hovudinngangen til VCA, går de rett fram inn i hallen. Jentene går til venstre, og gutane til høgre. Følg merking og instruksar frå vakter i rosa t-skjorter. 

Oppstilling på galleriet/mesaninen
Alle lag skal stille opp alfabetisk etter klubb langs gelenderet. Sjå etter skilt med klubbnamnet dykkar. 

Oppbevaring av utstyr 

  • Spelarar som skal spele i VCA: Bruk tildelt garderobe i 1. etasje (ved banen) og 3 etasje. 
  • Spelarar som skal spele i Ørstahallen: Legg bagar, utesko og utstyr på golvet langs gelenderet der de stiller opp. 

Viktig om skotøy
Det er forbode med utesko i hallen. Spelarane må ha innesko eller ta av seg skoa før innmarsjen. 

Innmarsj
Spelarane går langs galleriet, ned tribunane på sidene og ut på bana. Følg kortsida til enden og gå inn mot midten. 

Følg instruksar frå vakter i rosa t-skjorter. 

Lunsjpakkar

Bestilte lunsjpakkar vert delt ut i Ørstahallen og Volda Campus SpareBank 1 Arena til følgjande tider:
Fredag kl 10.30-13.00
Laurdag kl 10.30-13.00

Søndag vert alle lunsjpakkar delt ut i Volda Campus SpareBank1 Arena kl 10.30-13.00. 

Laga som har bestilt lunsjpakkar og spelar i Ørstahallen hentar pakkane sine der. Dette gjeld både fredag og laurdag. 

Utstyr og anna praktisk informasjon

Vi minner om at alle lag er ansvarlege for å ta med førstehjelpsutstyr til eige bruk. Det vert mogleg å kjøpe isposar og sportstape i kioskane. 

Vi har nok ballar til alle baner. Vi ynskjer difor ikkje at laga tek med eigne ballar. 

Finn fram i Volda Campus SpareBank 1 Arena (Bane 1 - 6)

I resepsjonsområdet finn du turneringssekretatiatet

Gå rett frem gjennom resepsjonen for å komme tribuner, kiosk og toaletter

Gå ned trapp i resepsjonsområdet for å komme ned til garderober og baneområdene

Går du opp en trapp i resepsjonsområdet kjem du til 2. etasje med stillerom/pausesal og ein aktivitetssal for oppvarming. 

NB! Det er kun lov med ball nede på banedekket i VCA. Ingen andre stader i hallen. Som betyr at det er kun mogleg med oppvarming med ball på bana den tilmålte tid før kvar kamp i VCA. 

Trapp og heis i resepsjonsområdet går også heilt ned til parkeringsgarasjen

Fredag og laurdag vert det spelt på fire baner i VCA, med ei tribune ute.

Om morgonen søndag vert det spel på seks baner i VCA.

Så køyrast begge tribuner ut, og det riggast om til to baner for finalene.

Finn fram i Ørstahallen (Bane 7 - 10)

Du finn kiosk og ein sosial sone i resepsjonsområdet

Hold heilt til høgre for å kome til garderobeinngang

Går du opp ein trapp kjem du til tribune 2, turneringssekretariat og mat/stillerom

Fortsett til enden av tribuna i 2. etasje, og gå der ned ei trapp for å kome til tribune 1 ved bane 9 og 10

I Ørsta er det ei friidretts løpebane ved sida av banene til oppvarming (med ball om ønskeleg)

Premieutdeling

Premieutdelinga for NM U19 skjer samla etter den siste finalen. Utdelinga gjennomførast klassevis, og alle lag skal vere klare når deira klasse vert ropt opp. 

Slik går premieutdelinga føre seg 

  1. Laget som har fått 3. plass stiller opp på ei linje med front mot publikum. 
    1. Spelarane vert ropte opp ein og ein for å motta premien sin. 
    2. Lagkapteinen mottar pokalen på vegner av laget når alle har fått medaljane sine. 
  2. Laget som har fått 2. plass gjennomfører same prosedyre. 
  3. Laget som har fått 1. plass gjennomfører same prosedyre. 

Etter lagpremieringane følgjer: 

  • Utdeling av bestemannspremiar
  • Presentasjon av All Star Team 

Praktisk informasjon

  • Alle lag skal vere klare i god tid før premieutdelinga startar. 
  • Hald linja og vent til du blir ropt opp. 
  • Vis publikum front under heile utdelinga. 

Vi gratulerer alle lag og spelarar med innsatsen og ønskjer velkommen til ei høgtidleg avslutning av meisterskapen! 

Førstehjelp og sjuketransport

For bistand frå oss som arrangør med førstehjelp og sjuketransport, ta kontakt med turneringssekretariat.

Turneringssekretariat er i periodar bemanna med medisinsk kompetent personale.

Det er hjartestartar i begge hallane.

Ved akutt naudhjelp, ring 113.
   

Legevakt i Volda (dagtid, vekedagar)

Legevakt i Ørsta (dagtid, vekedagar) 

Søre Sunnmøre legevakt er plassert på Hovden, ved flyplassen, midt mellom Volda og Ørsta.

Inngang på oversida, i same bygg som Politiet held til. Ring 116117 og gjer avtale.

Det er elles kort veg til Volda sjukehus, som ligg kun 750m frå Volda Campus SpareBank 1 Arena og 14 minutt køyring frå Ørstahallen.

Arrangementsvilkår

Meir informasjon kjem.