Kiosk og bevertning

Kiosktilbod i begge hallane under heile arrangementet

Sosial samling med felles middag laurdag kveld kl. 19.30 i Berte Kanutte-huset, like ved VCA, for dei som har bestilt

Kiosktilbod i Volda Campus Sparebank 1 Arena og Ørstahallen

Kiosken vår i VCA er viden kjent for heimebakst, sunne alternativ og noko for ein kvar smak. Og når du kjem til Sunnmøre byr me sjølvsagt også på sveler! Svele med smørkrem eller svele med brunost? Finn din favoritt i løpet av helga!

Frå 15.00 – 19.00 kan du og kjøpe lapskaus og pasta bolognese i kioskane.

Under arrangementet er det KFUM Volda som er ansvarleg for kioskane i begge hallane. Vi vil så langt som råd strekke oss for likt utval. 

Glutenfrie alternativ vil også vere å finne i begge kioskane. 

Felles middag laurdag kveld i Berte Kanutte-huset

Laurdag 14. mars er det sosial samling og middag i Berte Kanutte-huset for dei som har bestilt.

Berte Kanutte-huset er del av Høgskulen i Volda, vis a vis VCA og mediabygget. 

Det vert servert kyllinggryte med potetmos og sjølvsagt blir det Brænne-saft. 

Samskipnaden i Volda lagar maten og vi kan love gode smakar og rause porsjonar.

Dørene opnar kl. 19.00, og alle som skal spise må ha med billett. 

Dei laga som har lang reisevei, og har avtale med arrangør om bussavgang kl. 20.30, blir prioriterte for servering kl.19.30. 

Hovudservering frå kl. 20.00 for dei fleste laga, og dørene stenger kl. 22.00.  

Berte Kanutte-huset. Volda Campus Sparebank 1 Arena kan skimtast i bakgrunnen.

Berte Kanutte-huset. Foto: Høgskulen i Volda

Sivert Aarflot-huset (mediabygget) og Volda Campus Sparebank 1 Arena. Foto: Per Arne Brandal