Om oss

Stifta: | 1964 |
Drakt: | Blå overdel, svart shorts. Raud overdel som bortedrakt |
Heimebane: | Volda Campus SpareBank1 Arena |
KFUM Volda Volleyball er ein volleyball-klubb med lange og stolte tradisjonar. Vi har nettopp flytta inn i storstova Volda Campus Sparebank 1 Arena og kan gle oss over topp moderne treningsfasilitetar.
Klubben tilbyr lag i alle klassar, frå minivolleyball for barn til veteranparti, og har i tillegg eit sterkt miljø for diamantvolleyball. Dette gjer KFUM Volda til ein klubb med breidde i heile aldersspennet, og til ein av dei største diamantklubbane i Noreg.
I samspel med borna, foreldra og trenarane satsar vi på å lage kjekke volleyballtreningar der alle skal oppleve meistring.
I sesongen 2024/2025 spelte både dame- og herrelaget i 1. divisjon, der damelaget rykka opp til Mizunoligaen på første forsøk, medan herrelaget sikra ein solid plass midt på tabellen. Klubben har også oppnådd sterke resultat i aldersbestemte klasser, mellom anna ved å forsvare NM-gullet i JU19-klassa i 2025 og vinne NM-gullet for første gang i JU17-klassa.
Også på sand har KFUM Volda markert seg sterkt: under NM i sandvolleyball 2025 tok klubben fleire flotte plasseringar og medaljer, inkludert gull til Rasmus & Alfred i GU16, gull til Cathrine & Melina i JU21, samt bronse til Helene & Lina i JU16. Desse resultata, og ein god 4. plass til jentelaget og 5. plass til gutelaget frå Møre og Romsdal i regionlags NM i sandvolleyball 2025, syner at klubben og er ein sterk utviklingsarena for sandvolleyball med anlegget på Årneset som avgjerande for vidare vekst og rekruttering.