Kampar i Volda Campus Sparebank1 Arena (VCA) og Ørstahallen fredag og laurdag. Alle kampar i VCA på søndagen. Det vert sett opp gratis shuttlebuss med halvtimes avgangar mellom hallane begge dager.
Vi er glade for at Widerøe set opp ekstra fly til og frå Hovden 11. – 15. mars i samband med NM. Dei ekstra seta kan bookast som vanleg via wideroe.no.
Med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og ei gåve frå Sparebank 1 SMN vil vi kunne lage eit godt transportopplegg for arrangementet med særs rimelege prisar.
For å kunne legge ein god plan for transportløysingar treng vi i første omgang informasjon om transportbehov dei enkelte laga har. Vi ønsker difor at alle laga sendar inn transportskjema til oss så vi kan lage ein god plan.
Så kjem vi attende til dei enkelte lag med eit konkret løysingsforslag som de kan ta stilling til, og eventuelt bestille, når vi har samla inn informasjon og laga ein samla plan for det heile.
Transport må avtalast og betalast på førehand.
Vigra og Ørsta-Volda Hovden
For reisande som kjem til Vigra og Hovden vert det sett opp buss for transport til arena og overnattingsstader torsdag 12. mars.
Avreise frå Vigra (tentativt) kl. 18.00 og kl. 20.00, men vert tilpassa når dei ulike laga kjem. Det same gjeld frå Hovden.
Etter finalane søndag 15. mars, omlag kl. 15.15 (tentativt), vert det sett opp buss til Ørsta-Volda Hovden og Vigra.
Prisar
Torsdag 12/3:
Frå Vigra til hotell/overnattingsstad: 200 kr per pers
Frå Hovden til Volda/Ørsta sentrum: 50 kr per pers
Frå Hovden til området rundt: 100 kr per pers
Søndag 15/3:
Frå VCA til Hovden: 50 kr per pers
Frå VCA til Vigra: 200 kr per pers
Forbehold
Busser vert sett opp etter behov og ved minimum 20 passasjerar per tur. Vi vil gjere så godt vi kan for å lage eit tilbud som dekkjer behova til flest mogleg.
Vi planlegg kapasitet ut frå dei passasjerane som meldast inn og avtalast på førehand, men føresatte og andre som ikkje har tinga på førehand kan få nytte rest kapasitet på turane. Dei som har tinga på førehand har prioritet, og slik «drop-in» må betalast ved ombordstiging.
Reisetid Vigra-Volda omlag halvannen time.
Reisetid Hovden-Volda/Ørsta <10 minutt.
Vy Turbuss
KFUM Volda har godt samarbeid med Vy om turkøyring. Ta gjerne kontakt med Vy om det er ønskeleg med eit tilbod på turbuss for laget ditt til turneringa.
Vy Buss, Avd. Volda
Kundesenter: 407 05 070
Kontaktperson: Håkon Ragnar Hagen, 916 85 201
Eller ta kontakt via kontaktskjema til Vy sentralt.
Kva dagar det gjeld:
Pris og betaling
Fredag og laurdag:
Søndag:
Pris
Gratis tilbod til alle, men spelarar, trenarar og oppmenn for laga har prioritet.