Sandvolleyball
Årneset sandvolleyballanlegg er ein viktig møteplass som fremjer folkehelse gjennom eigenorganisert aktivitet og organisert idrett

Foto: Bernt Humberset
Årneset friluftsområde er eit naturskjønt og populært friluftsområde ved Rotevatnet, kun ein kort spasertur frå Volda sentrum via tursti gjennom Elvadalen. Her finn du ei flott sandstrand med badeplass, sandvolleyballbanar, diskgolfbane, flytebrygge med stupeplattform, og båtnaust tilknytt Volda jeger- og sportsfiskarlag.
KFUM Volda Volleyball eig sandvolleyballanlegget på Årneset, og spelarane våre har førsteprioritet på banene i treningstida. Om ikkje aktuelt lag nyttar si treningstid har andre KFUM Volda Volleyball-lag prioritet.
Ved eigenorganisert trening oppmodar vi om dialog og fleksibilitet. Om fleire vil spele, ver venleg å gi bana vidare til neste gruppe etter ein times tid.
Hugs:
- Rydd med deg søppel og pant når du er ferdig å trene.
- Banene er til volleyball. Ver snill å ikkje bruke banene til sandkasse med steinar, greiner og anna pynt.
- Musikk er ein naturleg del av sandvolleyball, men tilpass volumet.
- Det er ikkje lov å bruke alkohol i anlegget.
Fullt på Årneset? Frå og med våren 2025 vil ein finne ei ny sandvolleyball-bane mellom Voldabadet og Berte Kanutte-huset. Ein kan også spele volleyball utandørs på uteplassen til Volda Ungdomsskule.


Foto: Åsmund Keilen